Omslag: I den klare lufta
Thomas A. Clark
I den klare lufta

Thomas A. Clark er frÃ¥ Skottland og er ein framstÃ¥ande figur i nyare engelsk poesi.  Han er fødd i 1944 i Greenock og bur no i fiskarlandsbyen Pittenween i Fife.  Han debuterte med Some Particulars utgitt av The Jargon Society i 1971 og har gitt ut fleire diktbøker og ei rekkje smÃ¥ dikthefte og kort med dikt.  Clark har òg vore oppteken av Ã¥ utvida grensene for poesien gjennom installasjonar tilpassa ulike stader som galleri, forskjellige offentlege rom eller i landskapet.  Bl.a. har han vist slike verk i Camden Arts Centre i London, Musee d´Arte Moderne i Paris, Centro Culturale de Belem i Lisboa og pÃ¥ Cotswold Way i Gloucestershire.  FrÃ¥ 1986 til 2002 dreiv han Cairn Gallery i Nailsworth i Gloucestershire saman med kunstnaren Laurie Clark.  Dette var eitt av dei mest respekterte av dei smÃ¥ galleria i samtida, og her blei det vist minimalistisk kunst, konseptkunst og landskapskunst.

Dikta til Clark stÃ¥r i den radikale romantiske tradisjonen i engelsk poesi og har modernismen som formelt utgangspunkt.  Samtidig er innverknaden frÃ¥ diktarar knytte til zenbuddhismen openberr i denne forfattarskapen.  Vidare spring Clarks dikting ut av ei sterk oppleving av vÃ¥r aktuelle trong til Ã¥ nærma oss og ta vare pÃ¥ den naturen som er føresetnaden for menneskelivet.

Thomas A. Clarks utgivingar omfattar elles A Still Life (The Jargon Society,
North Carolina 1977), Madder Lake (Coach House Press,
Toronto, 1981), The Tempers of Hazard (saman med Barry MacSweeney og Chris Torrance, Paladin, London 1993), Tormentil & Bleached Bones (Polygon, Edinburgh 1993), One Hundred Scottish Places (October, Eindhoven 1999), Distance & Proximity (Pocketbooks, Edinburgh 2000), The Path to the Sea (Arc, Todmorden 2005) og ei rekkje hefte og kort med dikt frå hans eige forlag Moschatel Press.

Forlag:
Nordsjøforlaget

ISBN:
8292899007

Utgivelsesår:
2007

Hovedkategori:
Poesi

Språk:
Norsk (nyn)

Oversetter:
Per Olav Kaldestad

Innbinding:
Heftet

Nøkkelord:
Poesi, Oversettelse, Gjendiktning

Pris: