Omslag: Dikt i umsetjing / Mellomrom II: Omsetjaren Olav H. Hauge
Olav H. Hauge / Cathrine Strøm (red.) / Aasne Vikøy (red.)
Dikt i umsetjing / Mellomrom II: Omsetjaren Olav H. Hauge

Dikt i umsetjing

Olav H. Hauge (1908-1994) er rekna som vår fremste lyrikar i etterkrigstida. Han gav i alt ut seks diktsamlingar, og samleutgåvene omfattar meir enn 400 dikt. Samstundes var han ein av våre fremste og mest originale gjendiktarar.

Hauges dagbøker gir innsyn i korleis han på eiga hand lærde seg framande spr?k og arbeidde med å føre dei utanlandske yndlingspoetane sine frå engelsk, fransk og tysk over i norsk språkdrakt. Denne nye samlinga er ei auka utgåve av Dikt i umsetjing, som Noregs Boklag gav ut i 1982. Her er og dei nye omsetjingane i Frå Rimbaud til Celan med (Det Norske Samlaget / Bokklubbens Lyrikkvenner 1991). Boka har også med Hauges merknader, der han på sitt særeigne, korthogne vis kommenterer dei dikta han har omsett

Mellomrom II: Omsetjaren Olav H. Hauge

Olav H. Hauge er av mange rekna for å vere ein av Noregs fremste omsetjarar. Omsetjingspraksisen hans står i nær samanheng med resten av diktinga, men fortener likevel eit særskilt blikk og ei større merksemd. I antologien Omsetjaren Olav H. Hauge finn du nitten tekstbidrag til ei betre forståing av denne sida av Hauge sin forfattarskap.

Olav H. Hauge omsette omlag tre hundre dikt frå fransk, tysk og engelsk som kom på trykk i seks ulike, eigne samlingar. Hauge var ein sjølvlært omsetjar av både klassisk og samtidig dikting med eit stort spenn i stil og tone. Ikkje berre utfordra han seg sjølv og si eiga dikting gjennom dette arbeidet, men han skapte òg eit særeige og kresent utval som medvirka til å opna opp for fleire sider av modernismen i norsk litteratur.

I tillegg til tekstar som tek for seg ulike sider ved omsetjingspraksisen til Hauge, inneheld boka Eldrid Lunden sin samtale med Olav H. Hauge frå 1984 «Om omsetjing. Og om eit plommetre», ei bibliografisk oversikt over alle Hauges omsetjingar, samt ti omsette dikt som ikkje tidlegare har vore trykt i bokform.

Bidragsytarane er Hadle Oftedal Andersen, Henning Hagerup, Ragnar Hovland, Georg Johannesen, Atle Kittang, Odveig Klyve, Eldrid Lunden, Ingrid Nielsen, Geir Pollen, Jørgen Magnus Sejersted, Torgeir Skorgen, Idar Stegane, Hilde Kristin Strand, Cathrine Strøm, Staffan Söderblom, Aasne Vikøy, Jens Wabø, Einar Økland og Johannes Østbø.

Forlag:
TransFe:r

Utgivelsesår:
2009

Hovedkategori:
Poesi

Språk:
Norsk (bm/nyn) / Svensk

Lager:
13

Nøkkelord:
Poesi, Teori, Litteraturvitenskap, Essay, Oversettelse, Gjendikning

Pris: