Omslag: Mellomrom II: Omsetjaren Olav H. Hauge
Cathrine Strøm (red.) / Aasne Vikøy (red.)
Mellomrom II: Omsetjaren Olav H. Hauge

Olav H. Hauge er av mange rekna for å vere ein av Noregs fremste omsetjarar. Omsetjingspraksisen hans står i nær samanheng med resten av diktinga, men fortener likevel eit særskilt blikk og ei større merksemd. I
antologien Omsetjaren Olav H. Hauge finn du nitten tekstbidrag til ei betre forståing av denne sida av Hauge sin forfattarskap.

Olav H. Hauge omsette omlag tre hundre dikt frå fransk, tysk og engelsk som kom på trykk i seks ulike, eigne samlingar. Hauge var ein sjølvlært omsetjar av både klassisk og samtidig dikting med eit stort spenn i stil og tone. Ikkje berre utfordra han seg sjølv og si eiga dikting gjennom dette arbeidet, men han skapte òg eit særeige og kresent utval som medvirka til å opna opp for fleire sider av modernismen i norsk litteratur.

I tillegg til tekstar som tek for seg ulike sider ved omsetjingspraksisen til Hauge, inneheld boka Eldrid Lunden sin samtale med Olav H. Hauge frå 1984 «Om omsetjing. Og om eit plommetre», ei bibliografisk oversikt over alle Hauges omsetjingar, samt ti omsette dikt som ikkje tidlegare har vore trykt i bokform.

Bidragsytarane er Hadle Oftedal Andersen, Henning Hagerup, Ragnar Hovland, Georg Johannesen, Atle Kittang, Odveig Klyve, Eldrid Lunden, Ingrid Nielsen, Geir Pollen, Jørgen Magnus Sejersted, Torgeir Skorgen, Idar Stegane, Hilde Kristin Strand, Cathrine Strøm, Staffan Söderblom, Aasne Vikøy, Jens Wabø, Einar Økland og Johannes Østbø.

Forlag:
TransFe:r

ISBN:
9788292635025

Utgivelsesår:
2009

Hovedkategori:
Teori

Språk:
Norsk (bm/nyn)/svensk

Lager:
191

Merknad:
Omslag, sats og illustrasjoner ved Helene Kjelstrup Haug, med basis i Mellomrom I, satt av Christopher Haanes

Sider:
272

Innbinding:
Heftet m/klaffer

Nøkkelord:
Teori, Oversettelse, Gjendiktning, Poesi

Pris: