Omslag: Granatepla i Kandahar
Sarah Maguire
Granatepla i Kandahar

Sarah Maguire vart fødd i London i 1957 og er ein av dei leiande London-baserte poetene i dag. Ho trur på den ”ureine” poesien, at poesien skal bruka alle menneskelege røynsler og vilkår som råstoff, og blandar kvardagsopplevingar med store politiske hendingar i dikta sine. Ho har bakgrunn frå arbeid som gartnar og frå universitetet. Ho har hatt jamnlege kunstprogram på BBC radio og var den første poeten som vart sendt av British Council til Palestina i 1996 og Yemen i 1998. ”Å omsetja poesi er det motsette av krig,” seier ho. I 2004 starta ho The Poetry Translation Centre i London, med tru på at poesien kan utfordra rommet som skapar avstand. Granatepla i Kandahar er den siste samlinga hennar til no og dikta spenner frå slambåtar på Themsen til granateple i Kandahar, frå tulipantreet som gulnar i hagen til grushaugene i Ramallah, frå kjærleik og erotikk til svoveltønner ved Daudehavet.

Forlag:
Nordsjøforlaget

Utgivelsesår:
2009

Hovedkategori:
Poesi

Språk:
Norsk (nyn)

Lager:
2

Oversetter:
Odveig Klyve

Innbinding:
Heftet

Nøkkelord:
Poesi, Oversettelse, Gjendiktning

Pris: